Nyfødtfoto handlar for meg om å fange de fyrste uskyldige dagane i livet. Det handlar om å fange det gode og naturlige, slik at dåke som foreldre kan sjå tilbake på denne tida med gode reelle minner. Eg tilbyr fotografering med den ekte og naturlige kvardagen i fokus, samtidig som me kan legge opp til studio og posering for å fange detaljar.
Fotografering skjer helst i dåkas eigen heim. Dette for å skape ein rolig atmosfære for både foreldre og born.
Nyfødtfoto bør takast innan dei fyrste 14 dagane etter fødsel. Ta gjerne kontakt i god tid før fødsel, slik at eg kan sette av tid i aktuelt tidsrom.



















